tirsdag, januar 06, 2009

Treng kreativ hjelp!

Eg skal lage ein plakat som vert SETT, og som verkar innbydande, og treng litt hjelp... Kanskje vankar der ei lita oppmerksomheit til ein av dei som vil legge att ein kommentar også?;)

Eg vil bruke eit bilete på plakaten, har ingen logo å nytte for temaet,men det skal gå på klima. Gjerne eit bilde frå vår eiga kommune, men då treng eg hjelp til eit motiv. Eller eit bilde som kan vere frå "kor som helst", men illustrerer godt kva vi prøver å få fram...

Bildet har eg lånt frå HER.

Nokon som har nokon tankar? Her er så mange kreative bloggarar rundt omkring, så kanskje kan nokon hjelpe meg?

Eg treng også ei overskrift på plakaten, har tenkt på FRAMTIDIGE HAREID eller noko slikt, men veit ikkje heilt om det treff...? Andre idear?

Litt bakgrunnsinformasjon
Hareid kommune, og fleire kommuner på Søre Sunnmøre, skal utarbeide ein klimaplan, og vi har sett på fire tema: Forbruk, Avfall, Transport og Energi. Programmet er no i sluttfasa, og vi skal ha eit folkemøte for å få innspel frå innbyggjarane, samt få ut informasjon om klimaplanen som er i emning, og utfordringa no er å lage ein plakat som interesserer innbyggjarane slik at dei vil kome på møte...

Har du nokon idear til meg?

6 kommentarer:

  1. Anonym3:17 a.m.

    kan manupulere et bilde frå Melshornet. TEgne en høyspent-trasse, noen piper, masse røyk og ei diger søppelfylling på hareidsmyrene. sikkert ikkje lett, men...

    lykke til =)

    SvarSlett
  2. Gode idear frå Eldar, men det vert så trist... Eg fekk meir lyst på noko postitivt, men eg har ikkje eit knakande godt forslag på ståande fot.

    SvarSlett
  3. Gode forslag ja, Eldar! Men med null dataprogram for redigering vert nok det ikkje til, og eg tenkte meir på noko som kan symbolisere godt klima, positivt som Ann-Helen skriv.

    Du får tenke litt, Ann-Helen, kanskje du kjem på noko;)

    Takk for tips begge to iallfall:)

    SvarSlett
  4. ..hmm...dette var spennande...her er det berre å vere kreativ, når det gjeld fotoredigering ligg eit program som heiter photoFiltre gratis på nettet. Dette er ein noko enklare versjon av photoshop cs.

    Kva med "Hareid for alltid", "Hareid for evig".,."Klima DITT ansvar"........... "Hareid, ei perle",.." Eit reinare Hareid- bli med på klima-arbeid"....berre nokre få forslag til overskrifter frå meg :)

    Trur du i tillegg treng eit lite innrykk i lokalavisa for å få litt blest kring møtet. Begrensa kor mykje du greier å få på ein plakat, og er det for mykje tekst på ein plakat gidd ikkje folk å lese trur eg, plakatar er noko folk sveipar over i farta :)

    Når det gjeld bilete trur eg at noko som spelar på samvitet til folk appelerar....ein isbjørn blir noko fjernt og søtt for kvar og ein av oss...hihi :)sjølv om de har eit ishavsmuseum i nærleiken :)

    Kva med eit lite forsvarslaust barn midt i alle farene som truar?, transport, fabrikrøy/eksos, søppel.osb...

    Eit barn med bamse i handa kan lett maipulelerast inn i photoFiltre...

    Vart langt dette og eg veit ikkje om du kan drage nytte av nokon av ideane mine...men litt idemyldring er alltids greit :)

    Ønsker deg ein fin onsdagskveld:) og lykke til med plakaten :)

    Klem

    SvarSlett
  5. Tusen takk for innspel!
    Det vert heilt klart både annonse og avisomtale i tillegg, men vi må ha nokon gode plakatar som minner folk på det dei har lest i avisa.

    Isbjørnen her er berre for å ha eit bilde i innlegget, vil ikkje nytte den på plakaten.

    Eg fekk eit lite bilde på netthinna i går, kanskje eit bilde med mykje, mykje snø på, slik vi kan hugse frå då vi var små, som aldri forekjem lenger. Det er klart at det er klimaendringane som har spelt inn her... Men tek med glede imot fleire innspel. Må lage plakten i kveld...! Trur eg;)

    Overskriftene skal eg tygge vidare på, her var spennande forslag:) Tusen takk!!

    SvarSlett
  6. Anonym1:34 a.m.

    gler mej til å sjå plakaten =)
    lykke til =)

    SvarSlett