mandag, februar 02, 2009

Ein smak av vår!

I dag avspaserte eg, sidan eg jobba heile laurdag, og det var skjønt å ha tid til Lea i dagslys.

Kompaktkamera 004

Maria blei med på tur, så då tørte eg å ta laust med vogna, og vi hadde oss ein kosleg tur framover til Hjørdalen og tilbake. Sola skein frå skyfri himmel, termos med kaffi og heimelaga kjeks med brunost.

Ein hest som tolmodig venta medan vi hadde kaffipause, og eit fotoapparat som gikk med på å ta nokre få bilder før det var batteriflatt. Alt i alt ein flott tur - og takk for selskapet, Maria!!

Kompaktkamera 005

Kompaktkamera 009 Kompaktkamera 011 Kompaktkamera 015

4 kommentarer:

  1. Så utrolig hyggelig. Missunner dere været noe så veldig. Var såvidt jeg lurte på om jeg med veldig god vilje kunne tenke at sola var på andre siden av skyene i dag... Men nei, den har vi ikke sett siden romjula. Godt at noen har det fine været, og at det ikke har forlatt oss helt.

    Sa jeg at Lea ser strålende ut. Herlig blikk på den damen. :-)

    SvarSlett
  2. Bære hyggeli Annika;)

    SvarSlett
  3. Det ser herlig ut med ein slik dag! Kanskje eg skal sende Kristiane på riding, så ho vert bitt av basillen??

    SvarSlett
  4. For ein fin tur dokke hadde. Det var så vårlig og fint nokre dagar. Nå kom det litt snø her. Vinteren gir ikkje slipp ennå nei.
    Skulle ønske eg ikkje var alergisk mot hest, så kunne eg kansje prøve meg på slik tur med ungane :) Ser kjekt og koselig ut.
    Ønska deg ei fin ny veke
    Klem

    SvarSlett