lørdag, april 25, 2009

Ei sterk historie…

For ei tid tilbake kom eg over bloggen til Regine Stokke via Facebook-gruppa som er oppretta til støtte for ho (Vi som skal kjempe for Regine Stokke!). Regine er 17 år, og ho har kreft, med diagnosa MDS/AML. Det er lite legane i Noreg kan gjere meir for ho, men no har ho akkurat starta på ei ny behandling, som dei foreløpig ikkje veit korleis går.

Regine treng mest truleg behandling i utlandet for å overleve, og det er derfor starta ei innsamling for å støtte Regine. Om pengane ikkje blir brukt til hennar behandling, går alt til forskining på ungdom med MDS, og til bedre forhold på sjukehus for kreftsjuke ungdom og voksne.

No har også www.beltespenner.com blitt med å støtte Regine, og dei har laga ein eigen kleskolleksjon i samarbeid med Regine. Alt overskot frå kleskolleksjonen går til Regine sin støttekonto. Info om kleskolleksjonen finn du her, og kleskolleksjonen finn du her. Oppfordrar alle til å lese om Regine, og spre ordet vidare!

1 kommentar:

  1. Signerer! Eg har vore inne på bloggen til Regine mange gongar, det er ei sterk jente med ei sterk historie. Vi får krysse fingrane!

    SvarSlett