lørdag, april 25, 2009

Tusen, tusen takk Rosa!

Då eg kom heim tysdag kveld, låg der ein kjekk pakke å venta på meg i postkassa. Eg forstod raskt kor pakken kom i frå, berre sjå på det fine dekorbandet!

Vår 2009 1018

Sindre fekk oppdraget med å dokumentere pakken, og hjelpe meg litt med knuten på bandet, og bandet m.m. satte Mitzi sjølvsagt stor pris på :o)

Vår 2009 1021

Pakken kom altså frå Rosa, i Rosa Univers, som feira innlegg nr 300 for litt sidan. Min første bloggpakke, og den falt absolutt i smak! Sjå berre på det vakre innholdet!

Vår 2009 1039

Eit fantastisk herleg matskrin frå House Doctor, med fristande grøne epler på. Sindre har visst berre tatt dette bilde av det, så skrinet syner ikkje så godt… Derfor har eg juksa litt – under er bilde lånt frå House Doctor sin katalog. Mi er lik den grønne på bilde.

Matskrin

Vår 2009 1040

I tillegg til det kjekke og dekorative matskrinet fekk eg ein kosleg tag med ei lita helsing, og ein tag, eit bokmerke og eit kort til valfri bruk – alt laga av Rosa. Utruleg kjekk pakke, den sette eg stor pris på!!

Så tusen, tusen takk til deg Rosa. Ein pakke til nytte og stor glede!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar