Sidan forrige torsdag har eg hangla, vore snufsete, hosta, feber og elles det som influensa fører med seg.
Fredag var eg på jobb, men så blei det fire dagar på sofaen… Ein kort dag på kontoret igjen i dag, og det var litt godt å ha litt å henge fingrane i igjen, sjølv om energien ikkje er på topp.
Har ikkje hatt særleg overskot til å blogge heller. Hadde tenkt i går, men då blei det veterinærbesøk til hesten seint i går kveld, men det står bra til også med ho no. Derfor har det vore rimeleg stille her på bloggen.
No satsar vi på at forma snart er tilbake til normalen, og det vert ei fin 17. mai-helg!
For hesteinteresserte kan de ta turen innom hestebloggen, der er nokre nye bilder, frå beitekos.
Kan kommentere her me. Glømte heilt å skrive i den andre bloggen at det va fine bilde!! :D :D :D
SvarSlettKjekt å sjå!
Uff, så kjedelig å ikkje vere frisk! Eg har hatt ein dag heime i dag, men det var berre Kr. som var sjuk. Då er det nesten OK å vere heime, for eg kan jo gjere ei masse:)
SvarSlettGod betring!
så bra at du er på betringens vei iallefall. Kjedelig å vere sjuk.
SvarSlettHåpa du får ei flott 17 mai feiring og at du nyter fine veiret som vi er så heldige med å ha nå.
Kos deg
klem
Du må ha masse god bedring!! Håpe det sleppe heilt taket til feiringa!! Vi fær til Bodø i morga for 17.maifeiring og svigerinne-besøk! Blir koslig! Klem
SvarSlettUff.. sjuk enda??
SvarSlettMasse god bedring! :)
uff, det er tungt når ein hanglar så lenge. HÅpar du kjem deg fort no!
SvarSlettstor klem