Eit eldre ektepar sit rett over meg på venterommet på legekontoret og kviskrar. Forstår dei kviskrar om både den eine og den andre, rettare sagt sladrar om… Eg høyrer ikkje etter, men kan ikkje unngå å høyre kommentaren som kjem etter at ei nabofrue røyser seg frå plassen sin, og passerer dama. Begge er vel rundt 80 år, nabofrua held seg godt, og ser ut akkurat som eg hugsar ho 20 år tilbake. Den andre dama ser ut til å vere mykje meir prega av alderen…
“Ej syns ho bjønde å sjå bra tynne å skrøpeli ut ho no, ja” kviskrar dama i det nabofrua passerer… “Ja, du veit vel kenn ho e, ho …” Mannen nikkar og er enig.
Hadde det ikkje vore for at nabofrua har litt dårleg hørsel, hadde ho fint fått med seg replikken ho også…
Vi mennesker er jammen flinke til å kritisere og tenke negativt.
Eg likar uttrykket/diktet:
Tenk positive tankar,
tenk positive ord,
og det positive gror!
I motsatt fall, gror nok det negative i mykje raskare tempo!
Bildet er av Margot – Ina Breivik sin kjente skikkelse.
Diktet er helt sant. Man kan ikke gå å se det negative hele tiden, da vil det ikke være noe positivt å se.
SvarSlettHenger stadig med her, men er fryktelig dårlig på å kommentere. *klem*
Heilt sant!
SvarSlettOg dessuten må eg stadig tenke på svigerfarmor som var ei herleg dame, med stor omsorg for alle. Men då ho sat på aldersheimen og sukka høglydt over at alle andre var umoglege å snakke med fordi dei var så veldig tunghøyrde, då måtte eg av og til smile overberande. Det var ho som høyrde minst, og ALLE fekk med seg klagene hennar....
Syns det e typisk at eldre ukritisk snakka om andre. Dei he ofte dårlig hørsel sjøl, og trur at andre me he d. Merkelige saker.
SvarSlettTenk positivt ja!!!! :)