onsdag, september 23, 2009

Ballongar og roser

I dag møtte dette synet meg på kontoret:

DSC00658

(sjå vekk frå litt rot, no har eg rydda)

Og endå fleire ballongar…

DSC00662

DSC00659Ved inngongsdøra hadde dei hengt ein liten grøn Venstre-ballong, men det var ikkje anledninga til ballongane egentlig…

DSC00661

Sjokolade på  ein vakker bukkett med roser, og hjarter inni buketten også.

DSC00664

Eg såg ballongane i det eg opna døra inn til kontorgangen vår, og fekk meg ein god latter. Mine kjekke kollegaer er litt trege. Ingen av dei hadde lest i avisa laurdag at eg og Sindre har forlova oss. Elles på huset har ganske mange gratulert oss, men på kontoret mitt har det vore stille – heilt til i dag!

Tusen, tusen takk! Det var egentlig ganske kjekt med ei slik overrasking! 

Beklager litt dårleg kvalitet på bilda, tatt med mobilen.

2 kommentarer:

  1. Gratulera så veldig veldig mykje - er datoen satt??

    Og så kosleg med ei slik markering frå kollegaer. Du veit - betre sein enn aldri ;)

    SvarSlett
  2. Så utrolig hyggelig reaksjon fra kollegaene da.. Og gratulerer så mye til deg og Sindre!!!

    SvarSlett