søndag, november 15, 2009

Ålesund og Dagfinn Lyngbø

Først – gratulerer så mykje med dagen til både Liv Jorunn og Marianne i dag!

Det har vore ei herlig helg, som brått er over. Kunne gjerne ha hatt minst ein dag til med helg altså…

Å bevege seg inn på Moa få veker før jul er nesten som ekstremsport å rekne, iallfall når det i tillegg er ein laurdag – då er køene nærast tjue meter lange, det er nesten sånn det vert litt sjarm av det heile! Truleg er det siste laurdagen eg tør meg inn på Moa i år, eg blei stressa berre av å gå i gangen. Men vi fekk no kjøpt eit par julegåver og litt kle, så eg er nøgd likevel.

Dagen før Moa-besøket, var vi kulturelle i Ålesund for ein gongs skuld. Det er ikkje så ofte eg prioriterer å gå på show eller konsertar andre stadar enn Ulsteinvik (dessverre?), men når Dagfinn Lyngbø var i Ålesund, og han ikkje vitja Sjøborg i same runde, bestemte vi oss for å bestille billettar til showet hans; Evolusjon.

imageBildet er lånt her.

Mannen er morosam! Han er dyktig! Og han kjem med gode poeng! Og han har med ei dyktig lysteknikar på turneen;o) Dessverre var det noko dårleg lyd, så til tider blei det anstrengande å få med seg alle poenga, men alt i alt var det ein kjekk og vellukka kveld saman med kjekke folk!

Ei ny veke står for døra no, og det er sikkert lurt med litt søvn før den tid! Derfor avsluttar eg no!

Ynskjer alle ei god veke! Kanskje blir det litt blogging igjen i løpet av veka…

3 kommentarer:

  1. Bjarne9:40 a.m.

    Hmm, kvifor reiser du til Moa. Eg har alltid unngått denne staden (bortsett frå eit par butikkar som ikkje finnast andre stader på Sunnmøre som Platou t.d.). Du veit kva "frua mi" og andre frå bya seier: "Ka Moa suge. Lika byen!" Lukke til med resten av jula.

    SvarSlett
  2. Heldigvis er vi ulike, og Moa har jo nokre fleire butikkar som ikkje Ålesund sentrum har;)

    SvarSlett
  3. Det er utrulig koselig å gå rundt i Ålesund sentrum, men dessverre er der nesten ingen butikkar igjen.. :( Så da blir det Moa istadenfor,dersom ein faktisk har planar om å kjøpe noko.. Eg skal IKKJE til Moa før jul, eg synst til og med det er gale nok i Ulsteinvik på ein laurdag før jul... ;)

    SvarSlett