Helga er over, OL er over, og ei ny veke står for dør.
Det er utruleg kjekt med OL, men eg forstår ein del er lei av mykje sport på statskanalen no, så det er vel greit at det er over også, sjølv om eg ikkje hadde hatt noko imot ei veke eller to til med flott, norsk resultat!
HEIA NOREG! Vi har utruleg mange flotte utøvarar!! Gull-gull-sølv-bronse i massevis. Heilt supert!
Samtidig som eg har kika på OL, har eg leika meg litt med pcen, og laga monogram til mi kjære syster Anja som skal gifte seg i sommar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar