mandag, august 23, 2010

Brandalsdagar 2010

Det nærmar seg Brandalsdagar, dei går av stabelen 3.-5. september. Det er Brandal Vel og Brandal IL som arrangerer, og vi håper dagane vil samle folk i bygda.

Programmet er ikkje heilt spikra endå, men hovudrammene er lagt iallfall. Oppdatert program ligg på den nye nettsida vår; www.brandalinfo.no.

Fredag 3. september
17.30-19.30 Barnedisco på Pakkhuset

Laurdag 4. september
10.00 Fellesbading i sentrum
13.00 Kafe på Pakkhuset og standar i sentrum
14.00 Fotballkamp - Indre mot Ytre. Vil du spele? Sjå under.
16.00 Kassebilløp i byggefeltet. Ope for alle. Vil du bli med? Sjå under.
21.00 Fest på Pakkhuset, underholdning kjem.

Søndag 5. september
10.00 Fellesbading i sentrum
xx.xx Sykkelløp for alle. Klokkeslett kjem. Vil du bli med? Sjå under.
12.00-16.00 Kafe og ope på Ishavsmuseet.

Det vert også barneriding og fiskekonkurranse i løpet av helga. Info om dette kjem.

Med forbehold om mindre endringar.

image

Velkomne til Brandal!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar