søndag, november 07, 2010

Optimist!

I gårsdagens innlegg skreiv eg at det sikkert skulle regne i dag… Men nei, det snør i dag også, og i dag er det ikkje snakk om “småsnø”, no er det store, kvite flak, slik som det skal vere på julafta, og helst kun då…

image

Men ok, om den no skulle bli liggande til jul, er det egentlig greit. Foreløpig er det heilt greit, men om den blir liggande i fire månadar trur eg at eg blir litt lei. Men berre litt! Det gjeld å vere positiv til veret, så vert det ikkje så ille.

Dessutan slepp eg stort sett å måke å slåss med snøen, slik mange andre må, men det er litt fordi det er eit håplaust prosjekt å måke 70 meter vei, då er det  bedre å vasse… Men mest fordi vi har ein kjempekjekk onkel i grenda, som stadig vekk svingar oppom for å måke veien vår! Akkurat no er det nok berre eit par cm med snø, men når det passerer 20-30, er eg veldig-veldig glad for snille onkel som pløger ved høve til oss! Tusen takk!

2 kommentarer:

  1. Mmmm det blir i hvertfall lyst og deilig med litt snø på bakken - her er det bare så vidt et litte magert dryss, men det ligger nå der...
    Hilde

    SvarSlett
  2. Så deilig med snø.Venter på at det skal komme her på østlandet også.

    SvarSlett