lørdag, november 06, 2010

Tidleg laurdag

image

I dag vakna eg veldig tidleg til laurdag å vere, no er aviser lest, frukost inntatt, nokre bloggar lest og klokka er fortsatt berre halv ti - ja, det er tidleg for meg på ein laurdag. Eg var oppe før kl 8.

Ute er det litt kvitt, gradestokken viser vel kring 0 grader, og no småsnør det igjen. Har ikkje trua på at det er snø som kjem for å bli liggande noko lengd akkurat. I morgon regnar det sikkert igjen.

Det er forresten Den store kinodagen i dag! Mykje flott film rundt om i landet, til halv pris.

God laurdag!

1 kommentar:

  1. Nesten so ej mistenke dej å trene på småbarnstid.. ;) Her må vi opp seinast kl 7, men gulle e gjerne våken frå kl 6 :p

    SvarSlett