torsdag, desember 30, 2010

Gratulerer med dagen!

I dag er det min dag, min bursdag, min første 29 års dag! Og her ligg eg, på sofaen, under eit pledd, med ingen planar om gjestar til gards!

Jula blei ikkje heilt som tenkt… Eg blei sjuk i helga, og er sjuk endå. I går blei Sindre sjuk, og feberen herjar i kroppen på begge to… Og vi er nok ikkje aleine om å vere sjuke denne jula, skal ein tru på rykta. God bedring til alle andre som er sjuke!

Det er kanskje første gong i historia at eg ikkje feirar bursdagen min på noko som helst måte… Men, men… Lyt ha det til gode, og satse på ei bedre feiring neste år Smilefjes

imageDet er ikkje berre eg som fyller år i dag, vi er iallfall fire brandølingar som har bursdag i dag, ei 81-modell, ein 82-modell, ein 86-modell og ei 87-modell (?).

imageEg og Stian er nesten jamngamle, og mor til Stian har funne fram eit par gamle bilder i anledning bursdagane i dag, og lagt på Facebook! Eg må berre dele dei med bloggen også!

Kjempekoslig helsing, Eli!

Det første bilde trur eg må vere frå ein 17. mai, det andre anar eg ikkje - men kanskje frå ei bursdagsfeiring på 80-talet?

Grattis med dagen til alle som har bursdag i dag! Og fortsatt god romjul til alle andre!

2 kommentarer:

  1. Huff å huff!
    Gratulerer med dagen, håpe du fe en fine dag trass i sjukdom.
    Her skal me avgårde å feire ei pie so blir ett år i dag! Hurra :D

    SvarSlett
  2. Kor søte dokke va :) Ej hadde samme gensar med Dolly på ;)

    Gratulerer med dagen her me, og masse god bedring! Her henge forkjølelsen hardt i oss alle tre enda, men men... En fattig trøst at "dei fleste" e sjuke dinne jula :s

    SvarSlett