Viser innlegg med etiketten JUL. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten JUL. Vis alle innlegg

søndag, januar 02, 2011

Nytt år, nye muligheiter

Med oss er ikkje jula rydda ut endå. Syns nesten det er litt morosamt å først lese om alle som gler seg til å pynte til jul, og nesten startar i november, for så å ikkje kunne få jula raskt nok ut døra 1. nyttårsdag. Ikkje meininga å “sparke” nokon, vi er alle ulike!

IMG_1034

Her pyntar vi stort sett til advent 1. desember, og til jul 22.-23. desember, og ryddar vekk jula ein stad mellom trettande og tjuande dag jul. Helst nærmare trettande enn tjuande altså. Men ingen fasit.

IMG_1042

Men vi er alle ulike, og kanskje endrar eg også meining til neste år, eller året etter, eller ein gong. Enn så lenge får jula stå litt til!

God søndag! I morgon er det jobb att.

lørdag, januar 01, 2011

Jul i huset

Dette innlegget var eg egentlig tenkt å lage 2. juledag, men så blei eg sjuk, og har ikkje lagt inn bilder på pcen frå kameraet før no… Så då blir dette siste del av “Tilbakeblikk på 2010”. Del 1 og 2 finn du her og her.

Det blir mest bilder, lite tekst.

IMG_1018

I år som i fjor feira vi jul i Leite, saman med mamma, Sindre sine foreldre og Sindre si søster med samboar, og sjølvsagt Mitzi.

IMG_1026

Eg rakk å knipse litt bilder i huset før her kom gjestar, men etter det glømte eg av kameraet, og det er kanskje gjestane like glad for… Slik var det i fjor også…

IMG_1028

Årets juletre, med nokre av pakkane under…

IMG_1031

Julestjerne frå 2009!! Ja, du las rett - den er frå 2009. Har rett nok ikkje raud stjerne, men den er i aller høgste grad i live!

IMG_1032

Pinnekjøtet godtgjer seg i panna, snart klart for nydlig julemiddag!

IMG_1038

Jul på badet.

IMG_1037

IMG_1041

Sofakroken, før gjestane kom.

IMG_1042

Tente lys og dekka bord.

IMG_1048

Mitzi inspiserer pakkar, og trur ho har funne ein til seg!

IMG_1058

torsdag, desember 30, 2010

Gratulerer med dagen!

I dag er det min dag, min bursdag, min første 29 års dag! Og her ligg eg, på sofaen, under eit pledd, med ingen planar om gjestar til gards!

Jula blei ikkje heilt som tenkt… Eg blei sjuk i helga, og er sjuk endå. I går blei Sindre sjuk, og feberen herjar i kroppen på begge to… Og vi er nok ikkje aleine om å vere sjuke denne jula, skal ein tru på rykta. God bedring til alle andre som er sjuke!

Det er kanskje første gong i historia at eg ikkje feirar bursdagen min på noko som helst måte… Men, men… Lyt ha det til gode, og satse på ei bedre feiring neste år Smilefjes

imageDet er ikkje berre eg som fyller år i dag, vi er iallfall fire brandølingar som har bursdag i dag, ei 81-modell, ein 82-modell, ein 86-modell og ei 87-modell (?).

imageEg og Stian er nesten jamngamle, og mor til Stian har funne fram eit par gamle bilder i anledning bursdagane i dag, og lagt på Facebook! Eg må berre dele dei med bloggen også!

Kjempekoslig helsing, Eli!

Det første bilde trur eg må vere frå ein 17. mai, det andre anar eg ikkje - men kanskje frå ei bursdagsfeiring på 80-talet?

Grattis med dagen til alle som har bursdag i dag! Og fortsatt god romjul til alle andre!

fredag, desember 24, 2010

Julestemning! ♥

I går var eg og mamma, og mange fleire på Julenattine i Ulstein kyrkje.

Utruleg mange flotte lokale solistar i år som tidlegare år, og absolutt verdt å få med seg. Hjelp også godt på julestemninga med flotte julesongar.

No er det jul i stova, treet er pynta, gåvene lagt på plass under treet, og vi ventar berre på “innrykk” av herlige gjestar. Velkomne til gards ♥

Legg ved ein video til ein flott julesong. Det var ikkje Rein Alexander som song denne i Ulstein kyrkje, men ein ung og lovande “opera-artist” frå Eiksund! Nydlig! Skulle ønske den versjonen var på YouTube Smilefjes som blunker

♥ GOD JUL! ♥

torsdag, desember 23, 2010

God jul!

Då skriv vi 23. desember, og snart er julekvelden her!

Vi har fri i dag, og skal gjere unna siste innspurt, levere/bytte siste rest av gåver, ein tur til fysio og sjekke om vi har glømt noko på handlelappen!

julekort2010

Håper små og store får ein fin julekveld, og då med god julemat og gjerne med noko kjekt under treet!

Vi skal feire i Brandal, saman mamma, Sindre’s foreldre og søster med samboar. Vi gler oss, og ser fram til ein trivleg julekveld i koslig lag!

God jul til alle kjente og ukjente lesarar!

Blir veldig glad om du tek deg tid til å legge att ei lita julehelsing Smilefjes 

søndag, desember 19, 2010

Julepynt

Det nærmar seg julafta, og det er på tide å pynte litt i huset til jul.

IMG_0998

Gangen har fått pynten på plass, og som de ser, består det av blant anna ein firbeint pusekatt… Få sekund før eg rakk å ta bilde, sat Mitzi midt i blant julepynten, på benken…

Det er fjerde søndag i advent i dag. Fire lys er tent. Ute er det minus 7 grader og ein god del snø! Herleg julestemning!!

God 4. søndag til alle! Her vert det nok skitnesøndag Smilefjes 

søndag, desember 12, 2010

Julekorta er klar!

Eg syns julekort er ein veldig kosleg tradisjon, og Mitzi syns det er kjekt å få posere litt ekstra Smilefjes som blunker 

Julekorta er klar til utsending no, med eit lite unntak - eg bestilte litt for få, så det er nokre få att!

IMG_0995-red

Det er på ingen måte hemleg kven eg sender julekort til, men eg ville ikkje legge ut synlege adresser på bloggen, derfor er dei viska ut.

IMG_0996-red

Til dokke som får julekort frå oss i posten - legg også merke til frimerket på konvolutten - det er nemleg Mitzi som poserer på det også ♥

IMG_0996-red

Julekortet skal eg presentere på bloggen seinare, litt nærmare jul Smilefjes 

God tredje søndag i advent til alle ♥

mandag, desember 06, 2010

Winter Wonderland ♥

Gårsdagens utsikt tatt på vei til Nissemarsj:

image

Det kom mykje snø laurdag og søndag, og som Sindre sa, det ser ut som nokon har pynta ute ♥ Det blei med ein gong eit enda vakrare landskap!

Det treng ikkje kome enorme nedbørsmengder med snø, det er passleg slik det er no - men den kan også godt ligge slik! Vakkert!

Nissemarsjen blei ein kjekk suksess, håper fleire får vere med på slike marsjar. Ungane kosa seg, og syns det var stas å få nissemerke etterpå, og saft undervegs. Nokon sov seg også gjennom marsjen.

IMG_0895

God arbeidsveke ♥

søndag, desember 05, 2010

Ein tankevekkande film…

VGTv har laga ein video om nokre av uteliggarane i Oslo. Ikkje alle har det varmt og godt i desse dagar…

http://www.vgtv.no/?id=34511

Håper nokre av årets julegåver går til desse - i form av gåver til Blå Kors, Frelsesarmeen eller andre organisasjoner som hjelper uteliggarane i vårt eige land.

IMG_0924

God andre søndag i advent!

mandag, november 29, 2010

Vellukka juleverkstad

IMG_0762

I går var det juleverkstad på Pakkhuset, og både små og store kosa seg med å lage julepynt og anna småtteri.

IMG_0758

Høgdepunktet for dei yngste var kanskje då julenissen kom på besøk!

IMG_0771

IMG_0820

søndag, november 28, 2010

Første søndag i advent

Eit lys er tent - eller egentlig er det litt feil å seie, for det er sjølvsagt mange fleire lys tent rundt om i huset, men, men… Eit av fire adventslys er iallfall tent!

IMG_0842

Er det forresten nokon som kan sjå kva blomst som står ved sidan av adventslysa?

IMG_0843

Eit bedre bilde av den Smilefjes

IMG_0835

God søndag!

lørdag, november 27, 2010

Pyntar du til advent eller til jul no?

På butikken i går hørte eg to damer diskutere om raud pynt: "Ja, men du pyntar til jul du no, eg pyntar til advent eg!”

image

Fjorårets adventskrans, første søndag i advent. Så langt har vi ikkje komt i år - endå…

Og det har vel gjerne blitt litt slik? Nokre hoppar over den lilla pyntinga. Er det den yngre generasjon som har valt å hoppe over adventpyntinga, eller er det litt tilfeldig? Er det eit resultat av tidsklemma at ein hoppar over lillapyntinga? Eller er det fordi ein vil kose seg med julepynt lenger - for “å pynte til advent” betyr nødvendigvis ikkje meir pynting enn adventskrans, julestjerne og adventsstake (sjuarma)…

image

Bilde frå fjorårets jul, tatt på julafta.

Uansett om du pyntar til advent eller til jul i desse dagar - god helg!

I morgon er det første søndag i advent - og juleverkstadPakkhuset - frå på 12.00 og utover. Kom om du vil :o)

God helg!!

onsdag, november 24, 2010

4819 born ventar…

I Noreg sit 4819 born på asylmottak rundt om i landet, og ventar på svar på sin søknad om asyl i landet.

Desse feirar nok ikkje jul på lik linje med dei fleste jamngamle norske. For sjette året på rad samlar derfor Frivilligsentralen i Ulstein inn julegåver til borna ved asylmottaket i Ulstein. Kanskje finst det liknande tiltak elles i landet?

image

I år bor der omlag 60 born på mottaket i Ulsteinvik, frå 11 ulike land. Dei går ei uviss tid i møte, og den årlege julefesten med gåver er eit fint avbrekk i kvardagen deira.

Om du vil gi ei gåve til borna, finn du info i linken her korleis.