lørdag, september 03, 2011

Danmark

For to veker sidan vende eg nasa mot Danmark, først i høve jobb, onsdag til fredag, så kom Sindre ned fredag, og vi var i København til søndag. Det var ein fin tur, men den blei nok litt annleis enn planlagt, sidan eg også testa ut det danske helsevesenet.

Men før eg kom så langt, fekk eg likevel eit glimt av vakre Fanø, ei perle utanfor Esbjerg. Sjølv om oppholdet der endå litt kjipt, håper eg at eg får sjansen til ein ny tur dit. Øya må utforskast meir!

Nokre bilder frå turen (klikk på for å få større bilder):

2011-09-01 Mobil aug

Frå flyplassen og togturen frå København til Esbjerg. Ein avslappande og fin tur.

2011-09-01 Mobil aug1

På veg over til Fanø frå Esbjerg. Skal love eg ikkje var like blid dagen etter på same fergeturen… Måtte nemlig ta ferge frå Fanø for å kome på skadestua med brota hand. Men det ordna seg fort.

Før eg hamna på skadestua rakk eg å få med meg både ein spennande presentasjon (som var målet med reisa) og kike litt i gågata på Fanø.

2011-09-01 Mobil aug2

Veldig koslig øy!!

2011-09-01 Mobil aug3

Helga var vi i København. Sindre kom ned fredagen.

2011-09-01 Mobil aug4

Vi var iallfall knallheldige med veret! Ein fin by var det også. Og Danmark er eit skjønt land med herlige mennesker!

2 kommentarer:

  1. ser ut som du har hatt en fin tur og kosa deg masse :) god helg søta :)

    SvarSlett
  2. Kjekt å sjå litt frå turen til Danmark, ser ut som det va en fin tur (minus handbrotet:).

    SvarSlett