Eg får litt dårlig samvittigheit, eg ser her på besøksteljaren at her er nokon trufaste som er innom kvar dag, og eg er slapp med oppdateringar…
No klarer eg endeleg å handtere kameraet mitt igjen, så i helga har eg iallfall fått tatt nokre bilder på Abba-showet. Og fortsett dette fine veret, kan hende eg blir inspirert til å ta med meg kameraet utandørs også. Men når eg seier det, kjem vel regnet resten av veka…
Men eg har iallfall nokre bilder å dele litt seinare, så skal prøve å få dei ut. Klarer straks å skrive touch på tastaturet igjen også, det går framover – og satsar på mi periode med gips er over for godt!
God måndag, så lenge!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar