søndag, mars 04, 2012

Bålkos i fjøra

Vi har fått ein smak av våren denne helga. Og då er det kjekt å nyte den utandørs.

I går avtalte eg å grille saman med nokre sambygdingar medan sola var framme. Som sagt så gjort, og vi hadde ei veldig trivleg stund i fjøra.

bål

Det er så godt når sola tittar fram i bygda igjen! Og vi har ein fantastisk natur, vi må berre huske å nytte oss av den!

Takk for laget damer!

1 kommentar: