Det er få (ingen andre?) personar eg kjenner som er så tolmodige (og pirkete) på innsatsen til hest og rytter som Liv Jorunn!
Ho er nok kanskje den einaste som kan få fram alt i Pokemann også!
Og som ho skriv i kommentar til denne videoen, den som ventar på noko godt… “Det tok berre seks år, men no er ting i ferd med å falle på plass!”
For dei som ikkje er bevandra i dressurverda, byttar Pokemann (hesten) her galopp utan å stoppe opp. Dvs først ser du at venstre frambein er fremst og kjem først i bakken, men “plutsleg” snur det, og høgre frambein er fremst. Venstregalopp og høgregalopp. Ikkje noko enkelt sak, rett og slett!
Pokemann har gjort det før også, men det blir reinare og reinare for kvar gong :)
Flinke både Pokemann og Liv Jorunn!
…og Thoke (den andre hesten til Liv Jorunn) også!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar