torsdag, mars 29, 2007

Brandal skule historie?

I går var det hittil endleg vedtak i skulestruktur-saka i Hareid, og fleirtalet i kommunestyret gikk inn for å legge ned også 1.-4. klasse i Brandal skule. Men folket i Brandal er nok ikkje forberedt på å nytte Hareid skule likevel - friskuletilbodet blir utvida til også å gjelde småskulen, og såleis vert ikkje Brandal skule historie - ikkje no, og ikkje seinare heller, vil eg tru. Men den offentlege skulen i Brandal er dessverre, frå hausten 2008 truleg historie. Ja, det er over eit år til vedtaket skal setjast i verk, og etter å ha fulgt skulesaka no i fire år, veit eg at framleis noko kan skje - det er tross alt val til hausten. Bildet er lånt frå Brandal skule si heimeside.

1 kommentar: