mandag, desember 03, 2007

Adventstid


Så skriv vi desember. I år har eg gledd meg til adventstida som eg aldri før kan huske at eg har gledd meg. Våkna fleire morgonar og tenkt det har vore desember, så det var kosleg å endleg få lov å leite fram adventsstaken og -stjerna, tenne lys både inne og ute, og kanskje om ikkje så altfor lenge få opp julegardinene (som nesten hang til påske i år:p)

Vi rakk rett nok ikkje å tenne første lys i adventsstaken i går då, og eg kjem nok til å vere ekstra forsiktig med kor lenge det får brenne utan at vi er i umiddelbar nærheit, for ei brennande Mitzi (eller Phoebe for den saks skyld) skal vi ikkje ha noko av i år nei. Vinduskarmen ber fortsatt preg av fjorårets uhell - men heldigvis gikk det bra, veldig bra.

Inger kom opp med ein fin adventsdekorasjon i går også, skulle så klart hatt bilder av den her, men har glømt ledning til kameraet, så får få det inn seinare. No er det tid for teater og Lampedusa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar