torsdag, januar 10, 2008

Nytt år...


Eg har visst ikkje skreve blogg sidan romjula. Har vore litt sløv på blogginga i det siste. Sløv på mykje egentlig.

Arbeidsdagen kom raskt på etter nyttår, skulle gjerne hatt eit par feriedagar eller kanskje -veker til, men, men - greit å komme i gjenge igjen også - klisjeaktig skreve:p

Romjula forsvant til vennebesøk, familiebesøk, juleselskap, bursdagsfest og ikkje minst god mat og avslapping. Kameraet har vore lite nytta, nokre bilder av Mitzi blei knipsa, og nokre knips på bursdagsfesten, elles har det vore labert. Får kome sterkare attende.

Phoebe er fortsatt borte vekk, men eg klamrar meg til eit lite håp om at ho skal vende nasa heim ein dag likevel. Sjølvsagt er sjansen også stor for at det har hendt ho noko, men håper ho berre er på vift, slik at ho kjem ein dag...

Mitzi har blitt voldsom å leike seg med alle dei hundre leikene på "leikerommet sitt" (les gjesterommet), men ho merkar så klart at Phoebe er borte vekk, og pratar voldsomt for tida.

Har endleg fått time til å fikse bilen etter det uheldige møte med vedhuset i desember, men må fortsatt vente eit par veker då... Måtte bestille litt deler og sånn... Er spent på kva den endlige rekninga blir... Takk og lov for god forsikring ja! Skal no bli kjekt å få fjerna bulken, rusten og alle stripene:p

2 kommentarer: