mandag, april 13, 2009

Det der livet… Nyt dagen!

Livet er rart. Livet er urettferdig. Livet er herleg. Livet er skjønt. Livet er skjørt, ja, skjørt som ei såpeboble!

Heldigvis opplever dei fleste av oss at livet er flott, meir eller mindre heile tida… Men vi er kanskje litt for lite flinke til huske på det – til å nyte det flotte livet, medan vi har det flott. Livet kan snu på eit sekund, ingen veit kva morgondagen vil bringe… imageFor ikkje så lenge sidan døde ein eldre slektning, over 90 år gamal. Fått oppleve det meste i livet. Det fekk meg igjen til å tenke på dei som har mista sine nære så altfor tidleg. Ikkje alle får oppleve å bli 70-80-90, ikkje alle får oppleve å bli 20 ein gong, eller 30… Det har vore mange bråe hendelsar den siste tida her omkring, og kvar gong blir vi mint på kor fort livet kan snu… Og kor heldig eg er, som har det så godt, så trygt. 

Det har vore triste dagar for mange denne påska, og det kjem nært på, når det skjer her på våre kantar, og det har vore så “mykje” dei siste månadane… Tankane mine går til dei som har miste ein eller fleire av sine kjære i påska, rett før påske, i løpet av dei siste månadane, og alle som har mista nokon av sine nære på ein brå og overraskande måte.

I går var det to år sidan Bourbon Dolphin kantra, og seinare sank utanfor Shetland. Ein dag som aldri vert gløymt, for veldig mange.

Farmor døde også på gårsdagens dato, 12. april, for 17 år sidan, og det er klart det var trist det også, men ho var sjuk og “godt voksa”, opplevd både born, borneborn og oldebarn kome til og vekse opp. Det er ikkje alle forunt.

imageEg har mine næraste rundt meg, sjølv om nokon av dei gjerne kunne vore litt nærare geografisk sett… Eg har dei iallfall ikkje lenger unna enn ein telefon innanlands, og eg har dei! Det er eg utruleg glad for!

image

Ta vare på kvarandre, og nyt dagen!

Ofte tenker eg – og eg er ikkje den einaste som det gjer – at eg gler meg til då, eg gler meg til då… Og har kanskje fokuset på å vente på at “då” skal kome, i staden for å nyte det som er *no*. Så  klart må vi få glede oss til ting, men vi må ikkje gløyme å nyte øyeblikket!

Ei lita oppdatering frå påska vår kjem seinare:o)

Bilda er lånt frå nettet, leita fram på google, og funne her, her og her..

Sitatet om såpeboble “lånte eg” frå Solveig, eg syns det var veldig godt sagt!

2 kommentarer:

  1. Kjempe fint skrevet! :) <3

    SvarSlett
  2. Fint innlegg.. Eg har hatt meg ei lita blogg-pause.. Men i kveld har eg hatt meg eit blogg-raid å kika og lest..
    Gler meg til å lese vidare å sjå kva du har styrt med i påska. Såg på facebook at vi var på Rovde samtidig forresten.. ;)
    Ha ei fin veke!
    Klem

    SvarSlett