I dag vakna vi til eit kvitt landskap. Eg såg det var snø i går kveld også, men sidan det var ganske mørkt, såg eg ikkje kor mykje her var. Noko av det har nok også komt i løpet av natta.
Dagens utsikt frå stoveglaset.
Det er første søndag i advent, og vi har sjølvsagt tent lys, både inne og ute.
Snøkava letta litt seinare, så vi såg fjorden igjen.
Julegrana skal tennast i dag, både i Brandal, på Bigset og på Rådhusplassen i Ulsteinvik. Sikkert fleire stadar også. Men sidan eg skal på jobb om ikkje så altfor lenge i Kinokiosken, blir eg nok heime til då.
God advent, alle saman!
Så masse snø also?:) Vi fekk ca 1 cm i dag. Ye :D E vefal lyst og fint ute! :)
SvarSlettåh, skulle gjerne lånt litt av den snøen! her er det bart, men skal ikkje klage så veldig når her er klart og kaldt :)
SvarSlettKosleg bilde frå stova di, med adventsljosa på plass!