søndag, november 29, 2009

Det snør, det snør, tiddelibom…

I dag vakna vi til eit kvitt landskap. Eg såg det var snø i går kveld også, men sidan det var ganske mørkt, såg eg ikkje kor mykje her var. Noko av det har nok også komt i løpet av natta.

Advent 021Dagens utsikt frå stoveglaset.

Advent 033 Utsikta frå kjøkenglaset.

Advent 026Det er første søndag i advent, og vi har sjølvsagt tent lys, både inne og ute.

Advent 035

Snøkava letta litt seinare, så vi såg fjorden igjen.

Julegrana skal tennast i dag, både i Brandal, på Bigset og på Rådhusplassen i Ulsteinvik. Sikkert fleire stadar også. Men sidan eg skal på jobb om ikkje så altfor lenge i Kinokiosken, blir eg nok heime til då.

God advent, alle saman!

2 kommentarer:

  1. Så masse snø also?:) Vi fekk ca 1 cm i dag. Ye :D E vefal lyst og fint ute! :)

    SvarSlett
  2. åh, skulle gjerne lånt litt av den snøen! her er det bart, men skal ikkje klage så veldig når her er klart og kaldt :)

    Kosleg bilde frå stova di, med adventsljosa på plass!

    SvarSlett