lørdag, desember 05, 2009

Skoda Yeti 4x4

Eg tenkte egentlig vi skulle ta nokre litt bedre bilder i dag av nyebilen, men bilda frå i går lyt duge.

Desember 111 - Kopi Vi har altså kjøpt ny bil. Det er rett nok ei stund sidan vi både bestemte oss og signerte kjøpspapir, men bilen kom til gards først i går. Og vi er berre utruleg fornøgde med valet vi har gjort!

No skal den gamle 4x4-bilen leggast ut for sal ganske snart. Den har blitt shina frå topp til tå både utvendig og innvendig i dag, av to kjekke karar; Sindre og Asgeir. Tusen takk!

Så i morgon får vi tatt bilder, til annonse, i dagslys, er planen. Ein veldig kjekk bil, som det egentlig er litt vemodig å skiljast med. Men vi kan vel ikkje ha tre bilar, så då lyt Suzukien få seg ein ny ven!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar