lørdag, desember 05, 2009

“Vennejulegåvene” i år

I år har eg bestemt meg for å invitere vennegjengen (og gjerne fleire) med på å gi alternative julegåve. Eg har tenkt på det tidlegare også, men i år bestemte eg meg for å gjere noko meir med det enn å berre tenke på det.

I staden for å gi julegåve til kvarandre – eller lure på om vi skal gjere det, vel vi oss ut eit godt prosjekt som vi gir pengar til i staden. 

image

I år har valet falt på Stiftelsen Casa Emanuel. Dette var eit prosjekt vi ofte hadde innsamlingar til når eg var mindre, og vi fekk både brev og bilder frå gatebarna som bodde hjå Inger Harrington med det same ho starta opp.

Alle som ynskjer å bli med på å gi pengar i julegåve hit, er hjarteleg velkomen.

Vil du gi julegåve saman med oss, kan du overføre valfritt beløp til kontonummer 6580.12.92148, som er oppretta med tanke på julegåveprosjekt. Minst ein av dei andre som blir med på prosjektet får tilgong på kontoen også, for sikkerheita sin del.

Frist for å betale inn set eg til 20. desember - då lagar eg eit julekort og sender til stiftelsen, med helsing frå alle som har bidratt til kontoen, samtidig som eg overfører alt som har kome inn på kontoen, til stiftelsen sin konto. Alle som har bidratt på kontoen, kan sjølvsagt få sjå kontoutskrift.

Dersom du ynskjer å støtte stiftelsen direkte, er kontonummeret 3910.15.64340.

Blir du med?

2 kommentarer:

  1. Ej e som sagt me :D

    SvarSlett
  2. Bra opplegg.Jeg er definitivt med!Setter inn penger før jeg tar kvelden!
    Stine

    SvarSlett