fredag, juli 09, 2010

FERIE!! ♥

Då har eg faktisk ferie! I første omgang har eg ferie i ei veke. Deretter skal eg jobbe ei veke, så har vi tre veker ferie!

Sommar-022

Den komande veka skal eg “feriere” i Ørsta! Då er det nemleg endleg klart til NM Fjordhest. Så då satsar vi på at sola også kjem denne veka!

Sommar-007

Eg har ein plan om å blogge litt den veka også. Som PR-ansvarleg vil eg prøve å få ut mest muleg om arrangementet ;o) Men sidan det er hest, hest og hest den veka, legg eg nok det ut på hestebloggen i hovudsak, i tillegg på NM-bloggen.

Sommar-009

God helg alle vennar!

Sommar-010

Bilda er av min vakre orkide som står i full blomst. Det har den forøvrig gjort sidan eg kjøpte den, i mai trur eg det var.

Til dei som les bloggen, og kjenner Anja og Kai, ligg der no nye bilder frå deira store dag, på bloggen deira.

2 kommentarer:

  1. Kos deg med ferie, Annika. Ej ska hjelpe til litt på NM, så vi treffes nok der :)

    SvarSlett
  2. God ferie, og lukke til med NM og jobbinga der. Håpar du får litt tid til å slappe av og kose deg òg.

    klem

    SvarSlett