søndag, august 22, 2010

Bloggtørke…

Siste feriehelga gikk fort. Det var eit nydleg bryllaup til Julie og Roy, og vergudane var også med på laget denne dagen.

380-red

Håper og trur det er greit for Julie og Roy at eg legg ut eit lite bilde.

Måndagen var det tilbake til kontoret i to dagar, før eg vende nasa mot Danmark, og fekk med meg ein fin presentasjon frå CSB Island Entertainment.

Det vart litt hektisk med kun to dagar på kontoret, og deretter tre dagar i Danmark utan særleg internett-tilgong, så det blei litt bloggtørke på meg…

Ute regnar det friskt, temperaturen minner om haust, og då gir meg kvardagskjensle, med forbigått sommar. I morgon er det kvardag att, og det blir nok greit å kome ordentlig i sving på kontoret att, også med ei ny kollega – hurra!

God tur til Maria (og Truls-pus), tilbake til Budapest i morgon. Sommaren har dessverre gått altfor fort, men jula kjem snart, og snart ny sommar!

Fortsatt god søndag!

2 kommentarer:

  1. Litt bloggtørke er ikkje uvanleg i travle tider. Sjølv har eg ei litt hektisk veke på kontoret framfor meg, før eg fredag/laurdag vender nasen aust og sidan laaaangt syd, på ei vekes studieopphald i SPANIA(!!) (kjem nok til å skrive litt meir om det i bloggen uti veka ;) )


    Når det gjeld plakat-oppdrag så kan eg godt gjere eit forsøk! Eg syns jo det er frykteleg morro å halde på med slikt. Send meg ein mail, så kan me sjå litt på detaljane? :)

    God kvardagsveke i vente, Annika!

    klem

    SvarSlett