onsdag, august 11, 2010

Min favoritt…

Søndag var vi i dyreparken Artis, midt i Amsterdam. Her var alle mulige slags dyr. Min absolutte favoritt vart sommarfuglane.

Nederland-493

Eg har alltid vore veldig fascinert over sommarfuglar, og her var det sikkert hundrevis, i alle regnbuens fargar og størrelsar.

Nederland-497

Det var ikkje like lett å få tatt bilde av dei der dei flaksa rundt, men eg fekk heldigvis foreviga nokre.

Nederland-514

Denne (over) var av dei største som flaug rundt der, og den hadde ein nydleg blåfarge, men med ein gong den stoppa, kom desse kamuflasjefargane opp, og det var nokså umuleg å knipse den medan den flaug, dessverre.

Nederland-504

Om du vitjar Amsterdam, anbefalar eg ein tur innom Artis.

God onsdag!

4 kommentarer: