onsdag, februar 02, 2011

Gratulerer, Stian!

I dag presenterte Vikebladet ordførarkandidaten til Arbeiderpartiet i Hareid. Eg har rett nok hatt ein mistanke sidan i haust, men ikkje vore sikker.

image

Stian Runne Brandal, sambygding og god kollega i frivillige lag i Brandal (ja, vi har faktisk opp til fleire!) står på topp til Arbeiderpartiet si liste til kommunevalet til hausten. No er vi rett nok ikkje partikollega eg og Stian, men partia samarbeider godt! Dette kan bli spennande Smilefjes 

Gratulerer, Stian - og lukke til!

PS! Du får ikkje lov å droppe verva dine i Brandal, uansett - altså!

2 kommentarer:

  1. Det er ganske kult at han til og med får bli med som nyheitssak i lokalradioen! Det må vere fordi han er relativt ung til ordførarkandidat å vere;)

    SvarSlett
  2. Anonym2:25 p.m.

    Vart eg nemnd på lokalradioen? Det var litt spesielt med tanke på det er foreløpig nominasjon og at det er langt opp og fram :)

    SvarSlett