torsdag, september 11, 2008

Pappa på besøk i heimen

Det er utruleg kor fort vekene går for tida. Av og til lurer eg på om nokon kan styre kor raskt ein time går. Av og til går det jo kjeeempesakte, medan andre gongar merkar du ikkje at den store visaren på klokka har flytta seg ein heil time, før du har vidare blunka. Heldigvis er begge deler kjekt - på kvar sin måte!

Det vert ikkje tid til dagleg blogging for tida, men sidan vi held på med litt prosjekt i heimen, er det greit å blogge litt om det, så det vert ei kort oppsummering av veka her. Men nok ein gong har eg glimra med min dårlege hukommelse med å nytte kameraet - endå eg har hatt det med i bilen...

image Måndag var eg i Volda på Klimaplan-samling (skal kome ein eigen blogg ved tid og høve). Etterpå bar det til Ålesund for å kjøpe litt golv (avbilda til venstre). Dette skal vi ha i ein del av gangen, rett innfor ytterdøra. Det toler nemlig å bli vått, så det kan vere greit på våte haust-, vinter-, vår- og sommardagar. I resten av gaimagengen skal vi ha laminatgolvet som er avbilda til høgre (trur det er rett bilde, iallfall er det likt).

Tysdag var det ein heil dag på kontoret, og shine litt i huset før besøkSommar08 794 onsdag og torsdag. Ein heilt vanleg kvardag=)

Onsdag vart det halv dag på kontoret, eit par private ærend, og deretter møte i næring- og miljøutvalet (burde ha blogga om dette på Venstre si side no, kom eg på, men det får vente), og på kvelden fekk eg besøk av to gode venninner. Ei med pc og ei med tupperware-bag. Så vi kosa oss med taco, bildetitting (derav pcen) og litt handling frå Tupperware-katalogen, og kvelden fauk av gårde. Håper det ikkje vert lenge til neste gong:o)

I dag, torsdag, kom pappa, noko som også gjorde at det blei ein litt kortare dag på kontoret. Det blir det nok i morgon også, og vips, så er helga her igjen!

Arbeidskaren pappa var ikkje vidare komt i hus, før han fekk medSommar08 644 seg gode onkel Kjell, og klatra på taket. Dei er heldige med veret då, det er strålande sol, frå nærmast skyfri himmel, og det er det også meldt til i morgon. Då får dei sikkert gjort seg ferdige med den gode ideen dei har ;o) Gradestokken har synt 20 grader i skuggen, og de i september. HERLEG!

Ynskjer alle ein god kveld/dag vidare!!

1 kommentar:

  1. Masse god helg til deg og dine også. HILS!
    Her er det meldt fint vær i 10(!) dager fremover. DET hadde vært flott det.

    SvarSlett