lørdag, juni 06, 2009

Det går mot ferietid – ut på tur?

Vi skal ein tur til pappa i Kristiansand i sommar, og sidan det er eit godt stykke frå Sunnmøre til Kristiansand, har vi funne ut at det er best å ta fly. Norwegian har jo gode prisar, men dei har visst delvis sommarferie i juli, så der korresponderte det dårleg. Etter litt om og men enda det opp med SAS heile veien, men då måtte eg klø meg litt i hovudet…

Søkte opp ruta Ålesund-Kristiansand, via Oslo, og fikk mellom anna fylgjande alternativ:
Ålesund-Oslo 14.25-15-20
Oslo-Kristiansand 17.05-17.50
Kr 1873,- pr persimage

Så søkte eg opp strekningane kvar for seg, då fekk eg eit heilt anna resultat, prismessig…
Ålesund-Oslo 14.25-15.20 kr 553,- pr pers
Oslo-Kristiansand 17.05-17.50 kr 645,- pr pers
Til sammen kr 1198,- pr pers

Det er ein skilnad på kr 675,- pr pers det. Det syns eg var litt mykje peng for å sleppe å bestille billetten i to omgangar, så eg tok meg det brydderiet, og sparte lommeboka for 1350 kroner, evt snytte SAS for tilsvarande sum ;o) Fristar å sende mail til SAS… Men det er vel rein taktikk frå deira side – meir pengar frå alle dei som kun søker opp heile ruta i ein omgong…

Ulempa er vel at sidan eg har bestilt det i to omgangar, har vi ikkje krav på å få komme oss heilt fram til Kristiansand, dersom det skulle bli ein forsinkelse, men den sjansen tek eg, for 1350 kroner…

4 kommentarer:

  1. Så heldig du er som skal til Kristiansand. Der var eg for nesten 20 år sidan. Eg bodde i Søgne like utanfor kristiansand på Agder folkehøgskole. Har alltid ønska meg en tur dit sidan. Men det blir sikkert en gang i framtida. Vakkert er der ihvertfall. Bra du sparte litt på å bestille det slik. Men håpa det ikkje vert forsinkelsa. Eg skal sende hjertet til deg over helga. Beklaga kor treg eg har vore, men har hatt litt fullt opp heile veka. Eg send med kontonr mitt.
    Ellers håpa eg du har det bra. Og får ei koselig helg. Vi skal i barneselskap. Ellers håpa eg på fin vær og litt varmare temp. Vi får håpe :)
    Ha en flott dag!!
    Klem

    SvarSlett
  2. jøsses, er det verkeleg så ille? *tenkjer med grøss og gru på kor mykje eg kunne spart på 3 billettar tur-retur Bergen - Evenes i juli*

    Me skal til Kristiansand og dyreparken, men det vert nok ikkje denne sommaren heller. Håpar på neste :)

    God laurdagskveld!

    SvarSlett
  3. Heisann!!
    Eg er litt treg av meg...
    Men skal sende hjertet til deg snart :) Enten i morgå eller torsdag.. Onsdag må eg ut i ålesund.
    Håpa det går greit
    Ha en fin dag
    Klem

    SvarSlett
  4. Oi, det var forskjell! Bra du sjekka så nøye opp :)

    SvarSlett