mandag, november 08, 2010

Ønskeliste til jul og bursdag

Det nærmar seg jul, og det nærmar seg også min bursdag. Spørsmålet om kva som står på årets ønskeliste er ikkje til å unngå.

Etterkvart har dette med jul, bursdag og pakkar i overflod tatt litt av. Det gir meg ein liten bismak egentlig. Samtidig syns eg det er kosleg å kjøpe litt gåver for å glede andre, legge litt tid og tanke i gåva. Og det vil eg gjerne at dei som kjøper pakke til meg/oss også skal få muligheit til.

Eg er altså litt delt om det med julegåver. Litt er kjekt å få. Og det er kjekt å gi. Men eg treng absolutt ikkje så mange. Og heimelaga er like kjekt som noko anna!

Derfor ønsker eg at ei av gåvene (anten jul eller bursdag) frå vennar i år er ei såkalla symbolsk gåve. I fjor ga vi saman ein god sum til Casa Emanuel i Brasil.

For å ha litt “spenning” i julegåva, gir eg heller opp nokre forslag (under), så er det opp til kvar enkelt kva prosjekt ein støttar. Og det gir dei som gir muligheit til å ønske seg “vanleg” gåve frå meg, sjølv om eg ynskjer meg “symbolsk”.

Mi ønskeliste ser då slik ut:

Til familie regnar eg med det er fornuftig å tenke litt ut kva eg/vi ønsker oss, for spørsmålet kjem, uansett. Og etter kvart som eg/vi kjem på noko noterer eg det på eit eige innlegg, som du finn her.

Berre for å ha kommentert det:
Eg skriv ikkje at eg ønskar meg symbolske gåver “berre for å framstå så bra, fornuftig eller god”, men fordi, som eg sa, syns at dette med julegåver har tatt av, og eg syns det er bedre å bruke litt pengar på dei som ikkje har det like bra som oss i jula - og heller bruke tid på kvarandre her lokalt.

Men eg syns også det er heilt greit at andre har vanlege ting på ønskelista si!

Korleis ser di ønskeliste ut?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar