mandag, august 01, 2011

Sunnmøre-Bergen

I år har vi kjørt Sør-Noreg rundt. Første etappe var Sunnmøre-Bergen tysdag for snart to veker sidan.

IMG888

Hadde ikkje kjørt lenge, før vi møtte regnet i Bjørkedalen.

IMG889

Men sola kom raskt igjen, her litt blanding av sol og regn, på ferja over fjorden til Anda.

IMG891I Våtedalen var det både sol og eit ukjent antall geiter…

IMG892Då vi kom til vakre Skei i Jølster tok vi ein litt mindre vanleg vei til Bergen.

IMG_3195

Vi kjørte nemleg via Sogndal, Vik i Sogn, Vikafjellet (bildet over og under), Voss og Evanger.

IMG_3196

IMG_3216

I Evanger hadde vi ein trivleg stopp hos blogge-Rosa, mann, born, nabojente og nydlige kattar.

IMG_3223

Var veldig kjekt å sjå kor trivleg de hadde fått det i det eldre huset med sjarm! Tusen takk for både is og kosleg prat!

IMG_3221

Utsikta frå trappa til Rosa. Kjekt å sjå mange kjente bloggebilder i verklegheita.

Tru det eller ei, men eg har tatt utruleg LITE bilder denne ferien. I Bergen var ikkje fotokamera ute av veska i det heile tatt… Litt dumt, men av og til blir det slik. Blei nokre mobilbilder då. Kjem seinare. Lyt fordele det litt utover i etapper Smilefjes som blunker

God måndag!

2 kommentarer:

  1. Ser ut som ein fin tur so langt. Kjekt med ei litt anna rute og tenker eg :)

    SvarSlett
  2. Kjekt med bilferie! Ej rett og slett ELSKA det! :D Vi lure på å kanskje ta en tur når vi kjem heim igjen, men vi veit ikkje enda.

    SvarSlett