onsdag, september 03, 2008

I Sykkylven har dei eit hus...

 dsc00191Ikkje berre eit heilt vanleg hus, eit ganske utruleg hus, som har fått namnet Fønix-huset. Fønix-huset er eit aktivitetshus for alle i Sykkylven, uavhengig av kjønn, alder og nasjonalitet, og er eit av satsingsområda til Frivilligsentralen i Sykkylven. Her møtes frivillige i alle aldrar, både på dagtid odsc00181g kveldstid. Her er det kaffi og vafler, born får snekre bilar og båtar, dei malar, dei pratar og treffes i ulike samanhengar.

Tysdag var styret i Frivilligsentralen i Ulstein på tur, og det var nettopp til Sykkylven vi var, for å sjå kva dei har fått til der - og eg er berre så utruleg dsc00182imponert! Slik eit flott hus, flotte menneske, flotte aktivitetardsc00172, rett og slett utruleg! Kanskje det ein gong kan bli noko slikt på Hareidlandet også?

 

 

 

Takk for at vi fikk titte innom det flotte huset! Og takk til Inger Anne som tok initiativet til turen:)

1 kommentar:

  1. Jauda, det er utsikta mi du ser på biletet! Eg har utsyn i alle himmelretningar,dette er utover mot Eiksund. Einaste som manglar på biletet er ferja mellom Eiksund og Rjånes....

    SvarSlett