lørdag, januar 01, 2011

Tilbakeblikk på 2010 - del 2

 

Tilbakeblikk på 2010 - del 1 finn du her

JULI 2010

image

Juli starta med sol, utflukt på jobb, utdrikkingslag til Julie, sommaravslutning på Borgarøya, ferie, utflukt til Valldal og ikkje minst NM Fjordhest i Ørsta. Siste helga i juli var vi på Dombås og ein snartur på Ikea Trondheim, men det har eg ikkje blogga noko om, før i august.

image

AUGUST 2010

image

August baud på meir ferie, bed&breakfast i Driehaus, nydlige sommarfuglar og andre vakre skapningar i Amsterdam.

image

August var også månad for Julie og Roy sitt bryllaup, jobbreise til Danmark, litt nytt på badet og start på bronkitt! image

SEPTEMBER 2010

September starta med bronkitt og Brandalsdagar, strålande sol heile helga, og fantastisk vellukka dagar. På jobb fekk vi nye kontor, ungdomsklubben brakopna igjen og kulturminnedagen vart arrangert i begge kommunar.

image

Ridehallen blei også offisielt opna siste helga i september.

OKTOBER 2010

image

I oktober nytta eg haustveret til eit lite “fotooppdrag” på Kvitneset, Sindre fylte år med ei lita familiefeiring og vi var på ein flott konsert med Chris Thompson og Mads Eriksen band i Herøy. Eg rakk også ein liten tur til flickorna i Ørsta/Volda, noko som dessverre vert altfor sjeldan!

Haustens første snø kom 19. oktober, og blei liggande den veka. Rundt 40 cm snø i Brandal. Oktober blei avslutta med sjuk Sindre, og krabbefest på Pakkhuset.

image

NOVEMBER 2010

image

November var visst ein dårleg bloggmånad. Årsak huskar eg ikkje, men truleg berre lite fantasi og lite å blogge om… Det var nok mykje som skjedde likevel, herleg ruskever til å vere innandørs i, var det iallfall.

Snøen kom igjen 6. november, og har sidan meir eller mindre vore her. Hareid Venstre arrangerte diskusjonssalong om “Hafast”, svært vellukka, det var julemesse på Ishavsmuseet, med mykje flott å sjå på, og vi arrangerte juleverkstad på Pakkhuset 1. søndag i advent.

DESEMBER 2010

image

Desember var også ein litt laber bloggmånad. Vi starta desember med tenning av julegrana i sentrum 1. desember. Same kveld hadde eg tupperparty på Pakkhuset, med kjekke damer på besøk!

Vi arrangerte ein vellukka nissemarsj 2. søndag i advent, og barnedisko på Pakkhuset fredagen etter. Då var eg sjuk, så eg fekk ikkje vore der, og sett kor borna kosa seg. Julekort blei sendt, julegåver blei handla, og vi gjorde heimen klar til jul.

image

Sidan eg har litt bilder frå jula, skal det bli eit eige juleinnlegg, litt forsinka - på sikt Smilefjes 

God laurdag!

1 kommentar: