lørdag, januar 01, 2011

Eit tilbakeblikk på 2010 - del 1

Så skriv vi 2011. Godt nytt år!

Eg tenkte eg skulle skrive ei lita oppsummering for 2010. Om ikkje anna er det kjekt for min eigen del å sjå tilbake på året. Ein gløymer fort ein del i løpet av eit år… (farga skrift = linkar til innlegga i 2010, opnar seg i nytt vindu).

JANUAR 2010

image

Vi starta det nye året på altanen til naboane, og hadde god utsikt til bygdas raketter. Fotostativet låg innelåst i ein veldig nedesnødd bil, så det blei heller labre bilder frå kvelden.

Som sagt starta året med mykje snø, og vi nytta høve til aking fleire gongar i januar, både med aking i Leite og akebrettrace i Indredalen. Utsikta frå kontoret var reine julekortstemninga fleire dagar.

image

Eg nytta også høve til å teste ut kamera, både med bilder av hestane, Mitzi og natur.

FEBRUAR 2010

Februar starta med litt sjukdom, radiointervju (linken til innlegget verkar, linken til intervjuet verkar ikkje lenger) og pressekonferanse i høve NM Fjordhest og tildeling av HMS-pris til Trivselsgruppa eg er med i.

image

Snøen låg framleis i heile februar, og skapte vakker stemning i naturen, men også litt frustrasjon etterkvart.

MARS 2010

image

Mars baud på meir snø, sola titta fram for første gong på nokre månadar, skjønne nabopus-Linus var sjuk, men blei heldigvis frisk att også og snøen vurderte å reise sin vei igjen…

image

image

Bilda over er tatt 15. mars og 21. mars. Snøen for raskt når den fyrst ville reise… Men så kom snøen igjen, 31. mars. På hestefronten fekk vi erfare kva problem mykje snø kan gjere, då Lea fann ut ho skulle hoppe gjerde i paddocken…

APRIL 2010

image

April baud på meir kulturelt på Sjøborg, med bl.a. konsert med to lokale band, eg og Sindre hadde jubileum, eg tok ei vemodig avgjerdsle om hestepause og takka stor innsats frå Sindre, kunne eg presentere før-og-etter-bilder av gangen, og endå litt fleire bilder.

image

MAI 2010

imageMai kom, og vi var på Herøy gard ein søndag saman med Sindre si familie, det kom snø 4. mai, eg reiste på overraskelsestur til Brandbu og feira Anja, det kom snø igjen 10. mai, vi var med i årets 17. mai-komite og Lea reiste tilbake til Volda.

image

Mai blei avslutta med eit nydleg ver, og ein fantastisk tur til Bjørkedalen.

 

JUNI 2010

I juni var det duka for bryllaup i familien, med mi kjære søster og min svoger som hovudpersonar.

image

Eg fekk det ærefulle oppdraget og forevige dagen deira, men fekk også bli med på iallfall eit bilde.

Mitzi fekk leike litt fotomodell, og stilte som vanleg opp med både hopp, sprett og nydlig blikk.

image

Vi var også på blåtur til Hakkallegarden med ungdomsråda, feira jonsok i Brandal, med rjomegraut, brudepar og bål og fikk ein smak av sommar!

Juli-desember kjem seinare…

Igjen, godt nytt år til alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar